Vi har laga ei oversikt over kor du finn disse utdanningane og krav for opptak samt kva for mogleigheitar du har til å ta fag frå vidaregåande for å få generell studiekompetanse.
Foto: Photo by Element5 Digital on Unsplash
I dag fekk vi i StudieHub Nordfjord bekrefta at det er for få søkarar til bachelor i Sjukepleiar ved studiestad Førde og Hagesund. Det betyr at dei som nå har søkt frå Nordfjord ikkje vil få moglegheit til å ta utdanninga samlingsbasert via Førde. Høgskulen på Vestlandet skal avgere i november om det blir opptak frå neste haust. Vi håpar sjølvsagt at utdanningstilbodet fortsett og at det blir oppstart hausten 24. Bachelor i vernepleier med studiestad Sogndal har opptak kvar haust, og er ei populær utdanning med mange søkarar.
I dag ligg følgande bachelorutdanningar (deltid) i oversikta til Samordna opptak:
Bachelor i sjukepleie
Studiestad:
Bachelor i vernepleie
Studiestad:
Begge utdanningane har krav om at søkarane har generell studiekompetanse, mens sjukepleiarutdanninga krev i tillegg at du har minst karakteren 3 i snitt i faga norsk og matematikk.
Vestland fylkeskommune har to tilbod til deg som ønsker å ta fag på vidareågande nivå, slik at du blir kvalifisert til opptak på høgare utdanning. Det er ulike moglegheitar mellom dei som har rett til vidaregåande opplæring gjennom ungdoms- eller vaksenrett.
Eid vidaregåande skule har eit netttilbod til elevar med ungdoms- eller vaksenrett (Vg4). Dette tilbodet er nettbasert og fleksibelt, som betyr at du kan delta på undervisninga når det passar best for deg. Dersom det er ledige plassar er dette eit tilbod som fylkeskommunen også kan gje elevar utan rett på vidaregåeade skule. Viss dette er aktuelt for deg, kan du søke plass ved Vg4 på Eid. Du vil her kunne ta følgande fag:
Fag:
For dei som ikkje har rett til opplæring har fylket eit prosjekt "Grip sjansen", som er eit nettbasert tilbod gjennom Bergen Katedralskule. Tilbodet er ikkje fleksibelt, som betyr at du må delta på nettundervisninga på dagtid etter fastlagt timeplan for faga. Du kan ta alle faga i "seks-pakka" (dei seks fellesfaga som er eit krav for å kunne få generell studiekompetanse gjennom 23/5-regelen). 23/5 reglen gir deg generell studiekompetanse dersom du fyller 23 år eller meir det året du søk om opptak til høgare utdanning, kan dokumentere minst fem års praksis og har "seksfagspakka". Her er faga du kan ta og kor mange timar det utgjer kvar veke:
Ønsker du å søke deg inn på sjukepleiarutdanninga eller verneplaierutdanninga kan det vere at du ikkje treng å ta alle faga, dersom utdanningsinstitusjonen vurderer at du har realkompetanse. Dette kan dei aktuelle institusjonane gi konkrete svar på. Begge disse utdanningane har krav knytt til matematikk.
Søk opptak til begge tilboda gjennom Vigo.
Du kan lese meir om korleis oppnå generell studiekompetanse på våre nettsider og om fylkeskommunen si teneste Karriere Vestland.
Vi i StudieHub - Nordfjord Studiesenter hjelper deg gjerne på vegen mot høgare utdanning! Ta gjerne kontakt. :)
Vi vil gjerne høre fra deg, dersom du bur i Nordfjord og ønsker å ta desentralisert utdanning. Send gjerne en e-post til Kari der du skriv kort om hva for utdanning som er aktuell for deg, og om du treng hjelp til å bli kvalifisert for høgare utdanning. Vi kan da kontakte deg, dersom vi har informasjon om desentraliserte og fleksible utdanningar som kan vere relevante for nettopp deg.
Sist oppdatert: 21.06.2023
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir