Scroll top

Grunnleggjande kurs i referanseprogrammet Zotero

StudieHub

I hast har vi i StudieHub - Nordfjord Studiesenter arrangert kurs i grunnleggjande bruk av referanseprogrammet Zotero.

I haust har vi gitt tilbod om kurs i grunnleggjande bruk av referanseprogrammet Zotero i Stryn, Bremanger, Sandane, Nordfjordeid og i Måløy (sistnemnde i samarbeid med Studiesenteret Kysten). Kursa har blitt gjennomført i Nordfjordeid og på Sandane og siste kurs skal vere i morgon tysdag 14. november i Måløy.  Til no er det 16 som har meldt seg på kurset og dei førebelse tilbakemeldingane frå deltakarane er gode.

Kurset var gratis og opent for alle studentar i Nordfjord som tar desentralisert og fleksibel utdanning. Vi opna også for andre deltakarar som hadde ønskje om å lære om korleis bruke Zotero. I tillegg til studentar kan  Zotero vere aktuelt for lærarar som skal lære elevar å sitere korrekt.

Kva er Zotero?

Zotero er et gratis verktøy som er enkelt å bruke. Programmet hjelper deg med å:

  • Samle referansar
  • Organisere referansar
  • Kommentere og dele kommentarane i PDF-dokument
  • Sitere kjelder i tekst og lage kjeldelister
  • Dele forsking og referansar med andre

Med andre ord; din personlege forskingsassistent!

På kurset lærte deltakarane å:

  • Importere referansar, lagre og organisere dei i eit eige Zotero-bibliotek
  • Synkronisere Zotero-biblioteket med ditt online bibliotek.
  • Sette inn referansar korrekt i Word-dokument, med og utan sidetal samt å bytte referansestilar og språk.
  • Lage ei korrekt oppsett kjeldeliste.
  • Dele ditt Zotero-bibliotek med andre Zoterobrukarar.
  • Sette inn kommentarar i PDF-dokument gjennom Zotero.


Har du lyst å lære korleis bruke programmet? Vi gjennomfører nytt kurs i januar/februar, men på Nordfjordeid. Det er lurt å lære seg programmet i god tid før eksamen, viss du ønskjer å ha kontroll på pensum og referansar i forkant av sjølve eksamen. Ta kontakt om du har spørsmål eller er interessert.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 13.11.2023

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet