Scroll top

Gratis webinar om opptak og val av høgare utdanning – våren 2026

Denne våren kan du delta på tre gratis webinar i regi av Samordna opptak og Karriereveiledning.no. Her får du nyttige råd om søknadsprosess, opptaksreglar og korleis du kan finne utdanninga som passar for deg – eller for dei du rettleier.

Foto: Bilete henta frå Canva

Samordna opptak og Karriereveiledning.no inviterer til ei ny runde med gratis og uforpliktande webinar for alle som skal søkje høgare utdanning, og for dei som arbeider med karriere- og utdanningsrettleiing. Det blir ingen opptak, så meld deg på og følg sendingane direkte.

PDF-oversikta Høgare utdanning – webinar viser tre arrangement i perioden januar til april 2026, med fokus på opptaksreglar, utdanningsval og direkte spørsmål frå publikum.

1. Opptaksreglar og søknadsprosess

Tidspunkt: 27.01.2026, kl. 13:30–14:15

Målgruppe: Karriereveileiarar, rådgjevarar og andre som rettleier søkarar.

Innhald:

- Korleis søknadsprosessen fungerer
- Kva reglar som gjeld
- Kva veisøkjarar treng å vite for å søkje høgare utdanning

Påmelding: https://hkdir-no.zoom.us/webinar/register/WN_JxICdq6hTTqXFddgFa8HqA

2. Usikker på kva du skal studere?

Tidspunkt: 03.03.2026, kl. 12:30–13:30

Målgruppe: Personar som skal søkje universitet, høgskule eller fagskule.

Innhald:

- Tips til korleis finne utdanning som passar
- Forskjellen mellom vidaregåande, universitet og fagskule
- Kven som kan hjelpe deg i valprosessen

Du kan stille spørsmål i chatten undervegs.

Påmelding: https://hkdir-no.zoom.us/webinar/register/WN_5V_gUYDlTHGzEUvkYi6dKw

3. Livestream: Still spørsmål om opptak til høgare utdanning

Tidspunkt: 15.04.2026, kl. 15:00–15:45

Målgruppe: Alle som lurer på opptak, utdanningsval og søknadsprosessen.

Innhald:
Ein open og uformell livestream der du kan stille spørsmål anonymt eller følgje med på kva andre lurer på. Karriereveileder Margrete Nygaard og Christoffer Vassbotn svarer direkte.

Ingen påmelding – ope for alle.

Lenke til sendinga: https://hkdir-no.zoom.us/webinar/register/WN_1HXUGpzLTwK9PegUD-JgHA

Kari Eldby Rygg

Sist oppdatert: 08.12.2025

Fleire saker

Invitasjon: Bachelor-prosjekt, Informasjonsteknologi 2026

Dette er ei verdifull moglegheit for bedrifter til å få utført konkrete utviklingsoppgåver, teste ut nye idear – og knyte til seg kompetente IT-studentar som kan bli framtidige medarbeidarar.

Les meir

Nordisk konferanse for livslang læring samla deltakarar frå heile Norden

Den nordiske konferansen for livslang læring i Bergen samla deltakarar frå heile Norden og Skottland til to dagar med fagleg påfyll, deling av erfaringar og samarbeid om framtidas fleksible utdanningstilbod.

Les meir

Tilbyr utdanning med full løn

Industriens kompetansefond gjer at tilsette i industrien kan ta korte fagskuleutdanningar med full løn i inntil to veker. I piloten hausten 2025 tilbyr Fagskulen Vestland fire relevante studium. Målet er å styrkje kompetansen og konkurransekrafta i norsk industri. StudieHub kan hjelpe både bedrifter og tilsette med neste steg.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet