Scroll top

Gratis norskkurs via nett for deg som bur i Noreg og ikkje har norsk som morsmål

StudieHub

Er du arbeidsgjevar for tilsette utan norsk om morsmål? Har du eit anna morsmål enn norsk og jobbar eller er arbeidssøkande i Noreg? Da kan dette vere eit tilbod for deg eller dine tilsette!

NB! Her må du vere kjapp, det er oppstart allereie 8. august!

Søk her.

Translated information can be found here.

AOF Vestlandet - Agder arrangerer norskkurset på nivå B1 via nett for framandspråklege som bur og jobbar i Noreg og ønskjer å lære seg norsk både skriftleg og munnleg - nynorsk. Dette er eit norskkurs på mellomnivå norskkurs for dei som ønskjer å lære seg norsk og som allereie har norskkunnskap på nivå A2.

StudieHub - Nordfjord Studiesenter kan tilby lokalar og anna studieteknisk støtte under utdanninga. Alle deltakarane er velkomne til våre lokalar 8. august kl. 16.30, slik at du kan bli kjent med dei andre deltakarane frå Nordfjord og delta på første undervisning saman. Send e-post til kari@inviro.no, slik at vi kan registrere at du kjem og sende deg info om kor du finn oss.

Kursdagar: Tysdagar

Opplæring: Via nett kvar tysdag frå oppstart 8. august (kl. 17-21) til ca. 19. desember.

Totalt tal på undervisningstimar: 80 timer.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med:
Kari E. Rygg, tlf: 95287575, kari@inviro.no (StudieHub – Nordfjord Studiesenter)
Hanna M. de Groot, tlf. 902 87 112, hanna.de-groot@aof-va.no (AOF Vestlandet - Agder)


Kari Eldby Rygg

Sist oppdatert: 01.08.2023

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet