Vil du bli ingeniør eller studere nautikk, men manglar opptakskrav? Her finn du informasjon om forkurs, realfagskurs, Y-veg og TRES – ulike vegar til din draumeutdanning.
Foto: Photo by Jonas Leupe on Unsplash
Har du ein draum om å bli ingeniør eller studere nautikk, men oppfyller ikkje opptakskrava? Vi tilbyr ulike løysingar som passar dine behov og bakgrunn: forkurs, realfagskurs, Y-veg og TRES.
Forkurs og realfagskurs
Forkurs og realfagskurs er førebuande kurs som gjer deg kvalifisert til å søke alle ingeniørutdanningar i Noreg.
Y-veg og TRES – integrerte løp
Dersom du vil starte direkte på utdanninga, kan Y-veg og TRES vere aktuelle for deg.
Kva skal du velje?
Forkurs, realfagskurs, Y-veg og TRES er tilpassa ulike behov og bakgrunnar:
Uansett kva bakgrunn du har, finst det eit tilbod som kan hjelpe deg på vegen mot ingeniør- eller nautikkutdanning!
Korleis søker du?
Søknaden registrerer du i vår lokale Søknadsweb – ikkje gjennom Samordna opptak. Her finn du informasjon om poengutrekning, opptakskrav og søknadsprosess.
Finn meir informasjon på HVL sine nettsider eller ta kontakt dersom du har spørsmål. Vi hjelper deg gjerne!
Sist oppdatert: 18.12.2024
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir