Scroll top

Fantastiske nyheiter frå StudieHub - Nordfjord Studiesenter!

StudieHub

Vi er stolte over å dele at vår søknad om småskala partnerskap gjennom Erasmus+ er innvilga! Tildelinga, som vart kunngjort i dag, gir oss 60 000 euro til prosjektet "Sammen om livslang læring: Nordisk samarbeid for desentralisert og fleksibel utdanning."

Foto: Kier in Sight Archives

Prosjektet er eit samarbeid mellom Campus Värnamo (Sverige) og Holbæk Uddannelses- og Studiecenter (Danmark) og StudieHub - Nordfjord Studiesenter. Målet vårt er å styrke kunnskapen om drift av studiesenter, inspirere til utvikling av fleksible og desentraliserte utdanningstilbod, og utforske vidare samarbeid om innovative løysingar som bidreg til livslang læring. Prosjektet fokuserer på å fremje lokale studiesentre og innovative læringsrom, i tillegg til å auke inkludering og mangfald i utdanningane.

Gjennom erfaringsutveksling og felles aktivitetar skal vi jobbe mot å betra tilbodet ved våre lokale studiesenter, og utvikle utdanningar som møter behova til våre regionar. Vi skal også arrangere fleire spanande konferansar og møte, inkludert ein nordisk konferanse om livslang læring og ein minikonferanse om finansiering og drift av studiesenter.

Vi gler oss til å setje i gang med prosjektet i september 2024, og til å samarbeide med våre nordiske partnarar for å skape eit sterkt nettverk for livslang læring. Dette prosjektet vil bidra til at fleire får tilgang til utdanning av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur.

Tusen takk til våre samarbeidspartnarar Lars-Uno Åkesson, Iben Maria Böhling With og Emil Erichsen, vi ser fram til vidare samarbeid. Takk til Vestland fylkeskommune ved Barbara Irene Harterink og Shima Souraki, som har gitt oss god rettleiing knytt til søknaden vår. 

Hald deg oppdatert for meir informasjon om prosjektet og dei komande aktivitetane våre! Dette blir kjekt! :)

Kari Eldby Rygg

Sist oppdatert: 21.06.2024

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet