Ja, det er det. Legg datoane i teksten nedanfor i kalenderen din, slik at du ikkje går glipp av moglegheita til å søke på ledige studieplassar.
Foto: ChatGPD
Høgare utdanning
19. juli blir lista over ledige studieplassar lagt ut på Samordna opptak. Du har da ein dag på deg til å sjå om det er nokre ledige studieplassar som du ønskjer å søkje på.
Frå 20. juli kl. 09.00 kan du søkje på ledige studieplassar. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Viss det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurderte for tilbod.
Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 20. juli. Når lærestadene har fylt opp studia, blir lista over ledige studieplassar fjerna.
Høgare yrkesfagleg utdanning
Ledige plassar ligg tilgjengeleg via Samordna opptak og søk utført 2. juli vis 243 utdanningar med ledige plassar, 105 av desse er nettbasert.
Klikk på lenka her for å sjå kva for plassar som er ledig og for å søke opptak.
Sist oppdatert: 03.07.2024
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir