Høgskulen på Vestlandet har beslutta å tilby desentralisert sjukepleiarutdanning med samlingar i Førde frå hausten 2024.
StudieHub - Nordfjord Studiesenter er blitt orientert om at Høgskulen på Vestlandet skal tilby desentralisert sjukepleiarutdanning allereie frå hausten 2024, og da med samlingar i Førde. Eigentleg skulle det ha vore eit opptak av studentar på denne utdanninga hausten 23, men på grunn av for få kvalifiserte søkarar ble tilbodet kansellert. Det er derfor ekstra gledeleg å kunne dele nyheita om at det blir desentralisert sjukepleierutdanning allereie frå neste haust, ein må ikkje vente i to år. Utdanninga har til no vore tilbydt i Førde anna kvart år.
Vi har i tillegg fått informasjon om at dei lokale krava knytt til arbeidssted og erfaring blir tatt bort. Høgskulen har også i tillegg søkt departementet om fritak frå dei nasjonale karakterkrava. Det er førebels ikkje kjend om søknaden vil bli innvilga eller avslått. Vi vil derfor oppmode aktuelle søkarar til å forbetre eventuelle karakterar i norsk og matematikk, dersom ein har eit snitt på mindre enn 3 i desse faga.
Vi minn også om at Høgskulen på Vestlandet har opptak kvar haust på desentralisert utdanning i vernepleiar med samlingar i Sogndal.
Sist oppdatert: 28.11.2023
Treng du ein endå kortare versjon, til dømes til ein nyheitsoversikt på framsida, kan du bruke denne: Møt arbeidsgivarar frå Nordfjord på Teams måndag 12. oktober kl. 20. Gratis digitalt studenttreff med rom etter bransje. Meld deg på no!
Les meir
Åtte Elkraft-studentar har teke i bruk det nye hybridrommet hos StudieHub på Nordfjordeid. Her kan dei følgje undervisning frå Fagskulen Vestland saman med studentar andre stader, samtidig som dei får vere del av eit lokalt fagleg og sosialt fellesskap. Hybridrommet er etablert i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.
Les meir
StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.
Les meir