Scroll top

Barn med særskilte behov

No kan du studere emnet "Barn med særskilte behov" gratis og via nett ved Kristiania Fagskule.

Studiet er eit nettstudie (60 stp.) og gjennomførast på deltid over to år, slik at det lar seg kombinere med familie og jobb. Som student vil du delta regelmessig på undervisning saman med faglærar og medstudentar i eit digitalt klasserom. Du får ein framdriftsplan og må levere obligatoriske oppgåver til fastsette fristar. Fagskulen Kristiania er ansvarleg for utdanninga. 

Dette er ei utdanning for deg som jobbar med barn eller som har eit ønskje om å jobbe med barn som treng litt ekstra tilrettelegging. 

Det er opna for søknad og studiet startar i veke 5.

Utdanninga gir deg pedagogisk og didaktisk kompetanse, og du lærer deg ulike arbeidsmetodar og verktøy som kan fremme utvikling hos barn.

Du får kunnskap om forhold som påverkar barn si utvikling og læring og korleis du på best mogleg måte kan ivareta, planlegge og legge til rette for barn med særskilte behov.

I løpet av studiet lærer du blant anna om:

  • Etikk og yrkesetikk
  • Barns utvikling, læring og sosialisering
  • Relasjonsbygging
  • Spesialpedagogisk tilrettelegging
  • Tidleg innsats og livsmeistring
  • Barn i sårbare livssituasjonar

Er dette noko for deg? Les meir og søk om plass her.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 27.11.2023

Fleire saker

Finst det ein jobb for deg med di utdanning i Nordfjord?

Treng du ein endå kortare versjon, til dømes til ein nyheitsoversikt på framsida, kan du bruke denne: Møt arbeidsgivarar frå Nordfjord på Teams måndag 12. oktober kl. 20. Gratis digitalt studenttreff med rom etter bransje. Meld deg på no!

Les meir

Frå kjøkkenbord til digitalt klasserom på Nordfjordeid

Åtte Elkraft-studentar har teke i bruk det nye hybridrommet hos StudieHub på Nordfjordeid. Her kan dei følgje undervisning frå Fagskulen Vestland saman med studentar andre stader, samtidig som dei får vere del av eit lokalt fagleg og sosialt fellesskap. Hybridrommet er etablert i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.

Les meir
Bilde fra innlegget

Lokale læringsfellesskap kan gi bedre læring i nettbaserte utdanninger

StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet