Scroll top

Arrangement: Informasjonsmøte – Bærekraftig økonomi og ledelse

StudieHub

Aktuelle tips

Utdanning

Kortare utdanning

Har du ambisjonar om å bli leiar, eller ønskjer du å styrke kompetansen din innan berekraft, økonomi og leiing? Då er dette informasjonsmøtet for deg!

I samarbeid med NMBU Handelshøgskulen tilbyr StudieHub – Fjordane Studiesenter eit fleksibelt årsstudium i bærekraftig økonomi og ledelse. Utdanninga gir ei grunnleggande innføring i økonomi og leiing, med ein berekraftig tilnærming som passar arbeidslivet sine behov. Sjå heile invitasjonen her.

📅 Dato: Tysdag 7. januar 2025
Tid: 14.00
🌐 Stad: Digitalt, via Teams

På møtet får du:

✅ Oversikt over studiets innhald og oppbygging
✅ Informasjon om emne som Excel i økonomisk styring, berekraftig leiarskap, økonomistyring, og finansregnskap med berekraftrapportering
✅ Praktisk informasjon om opptakskrav, studieform og gjennomføring
✅ Høve til å stille spørsmål direkte til representantar frå NMBU HH og StudieHub

Kvifor delta?
Dette studiet gir deg moglegheita til å kombinere studium med jobb, og legg grunnlaget for ei karriere innan økonomi og leiing, samtidig som du bidreg til det grøne skiftet.

Meld deg på ved å sende ein e-post til kari@inviro.no

Vi ser fram til å sjå deg! 👩‍💻👨‍💻

Kari Rygg

Sist oppdatert: 05.12.2024

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet