Scroll top

Vidareutdanning: Lær å førebygge og handtere mobbing

Haust 2025

Vidareutdanning

Deltid

Bachelor-nivå

Mikroemne

Nettbasert

Er du lærar, barnehagelærar eller jobbar med barn og unge? Med vidareutdanninga Mobbing – førebygging og handtering i skule og barnehage blir du betre rusta til å oppdage, stoppe og førebygge mobbing i skule og barnehage. Studiet er nettbasert, praksisnært og gir 15 studiepoeng.

Mobbing kan ha store konsekvensar for barn og unge, og dei vaksne rundt spelar ei avgjerande rolle i å skape eit trygt miljø. Denne vidareutdanninga, som blir tilbudt av Univeristetet i Stavanger ved Læringsmiljøsenteret, gir deg innsikt i mobbing som fenomen – både fysisk og digitalt – og kunnskap om kva tiltak som fungerer for å førebygge, oppdage og stoppe det.

I løpet av studiet vil du lære om:

✔ Korleis mobbing oppstår og utviklar seg
✔ Forskingsbaserte tiltak for førebygging og handtering
✔ Lovverk og ansvarsfordeling i arbeidet mot mobbing
✔ Metodar for å følgje opp mobbesaker

Studieform
Dette er eit nettbasert studium som går over to semester. Forelesingane kan du sjå når det passar deg, og du får tilgang til frivillige digitale seminar for diskusjon og refleksjon.

Eksamen og vurdering
📄 To arbeidskrav på 1000 ord
✍ Heimeeksamen (4000 ord) med alle hjelpemiddel tilgjengelege
🎓 Graderte karakterar A–F

Opptakskrav
Studiet krev ei relevant treårig høgare utdanning, som grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, spesialpedagogikk, helse- og sosialfag eller pedagogikk/samfunnsvitskap.

🔹 Neste oppstart: 25. august 2025
🔹 Søknadsfrist: Fortløpande
🔹 Pris: 15 000,-

🎓 Gjer ein forskjell i arbeidet mot mobbing – les meir om utdanninga og søk no!

Kari Rygg

Sist oppdatert: 20.02.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Psykisk helse i skulen – gratis NTNU-emne (7,5 stp) med samlingar i Ålesund

Gratis NTNU-emne (7,5 stp) som gir tilsette i skulen oppdatert kompetanse på førebygging, gjenkjenning og oppfølging av psykiske helseutfordringar hos elevar. Nett- og samlingsbasert med samlingar i Ålesund. Oppstart 17.09.2025. Søknadsfrist 03.09.2025.

Les meir

Ny vidareutdanning: Politikk, makt og juss

Vidareutdanninga Politikk, makt og juss er eit fleksibelt nettstudium på bachelornivå, som gir 10 studiepoeng over eitt semester. Studiet gir innføring i politikk, forvaltning og offentleg rett, og passar særleg for deg som er i arbeid og ønskjer fagleg påfyll. Opptak startar 9. juli 2025.

Les meir

Informasjonsmøte om nye vidareutdanningar innan elektro og automasjon

Les meir
Sjå alle saker i arkivet