Scroll top

Ny vidareutdanning: Politikk, makt og juss

Haust 2025

Vidareutdanning

Deltid

Bachelor-nivå

Nettbasert

Vil du lære meir om korleis politikk, forvaltning og juss formar samfunnet vårt? Hausten 2025 startar vidareutdanninga Politikk, makt og juss – eit nettbasert deltidsstudium retta mot deg som er i arbeid og ønskjer å styrke kompetansen din.

Foto: Gunnar Ridderström

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2025 vidareutdanninga Politikk, makt og juss (GOV101N). Studiet gir 10 studiepoeng og går over eitt semester som nettstudium, slik at du kan kombinere utdanning med jobb og andre forpliktingar.

Gjennom studiet får du ei grundig innføring i stats- og kommunalkunnskap og i sentrale juridiske spørsmål innan offentleg rett. Undervisninga tek opp tema som:

  • Demokrati og demokratisering

  • Politisk utvikling

  • Forholdet mellom stat og kommune

  • Kommunal organisering

  • Forvaltningsrett

Det er lagt opp til at du kan kople teori til eigen praksis gjennom oppgåver og refleksjonar over problemstillingar frå arbeidslivet. Dette bidreg til å styrke både fagleg forståing og evna til å formidle kunnskap vidare, både skriftleg og munnleg.

Studiet har ei studieavgift på kr 3 500. Opptaket opnar 9. juli 2025, og emnet har plass til mellom 3 og 20 studentar.

Merk: Studentar som allereie har fått opptak på Bachelor i samfunnsutvikling eller Årsstudium i samfunnskunnskap kan ikkje velje GOV101N som nettemne.

Her kan du lese meir om utdanninga og søkje plass.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 18.08.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Psykisk helse i skulen – gratis NTNU-emne (7,5 stp) med samlingar i Ålesund

Gratis NTNU-emne (7,5 stp) som gir tilsette i skulen oppdatert kompetanse på førebygging, gjenkjenning og oppfølging av psykiske helseutfordringar hos elevar. Nett- og samlingsbasert med samlingar i Ålesund. Oppstart 17.09.2025. Søknadsfrist 03.09.2025.

Les meir

Informasjonsmøte om nye vidareutdanningar innan elektro og automasjon

Les meir
Bilete av reddik

Velkomen til informasjonsmøte om kurset «Berekraftige matsystemer»

StudieHub – Fjordane Studiesenter inviterer, i samarbeid med Sogn Kompetanse og NMBU, til eit digitalt informasjonsmøte om kurset Berekraftige matsystemer, som skal gjennomførast våren 2026 i både Sogn og Nordfjord. Møtet finn stad 19. juni kl. 09.00–09.45 på Teams, og rettar seg mot aktørar i heile matverdikjeda – frå lokalmatprodusentar til offentleg sektor. Kurset gir 5 studiepoeng frå NMBU og fokuserer på berekraftige verdikjeder, matsvinn og offentlege innkjøp. Det vert lokal tilpassing og undervisning i begge regionane. Påmelding skjer via e-post til kari@inviro.no.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet