Scroll top

Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta – Fagskuleutdanning frå Fagskulen Vestland

Haust 2025

Vidareutdanning

Deltid

Fagskule-nivå

Nettbasert

Jobbar med hygiene og smittevern i helsevesenet,, eller er dette noko du ønskjer å gjere? Fagskulen Vestland tilbyr eit fleksibelt deltidsstudium med løpande opptak. Du kan delta via StudieHub.

Foto: Photo by Nichika Sakurai on Unsplash

Fagskulen Vestland tilbyr ei høgaktuell utdanning innan sterilforsyning og smittevern for deg som vil jobbe i eller allereie jobbar i helsesektoren. Dette deltidsstudiet går over to år og gir 60 studiepoeng. Undervisninga er nett- og samlingsbasert, og deltakarar frå vår region kan følgje undervisninga via Studiesenteret. Dersom vi får mange nok deltakarar, kjem lærar frå fagskulen til oss og held samlingar lokalt.

Studiet gir grundig kompetanse i reingjering, desinfeksjon og sterilisering av medisinsk utstyr – avgjerande kunnskap for å førebyggje smitte og sikre pasienttryggleik. Utdanninga gjer deg kvalifisert for arbeid i mellom anna operasjonsavdelingar, sterilsentralar, tannklinikkar og kommunehelsetenesta.

Kven passar utdanninga for?

Denne utdanninga er relevant for deg som jobbar – eller ønskjer å jobbe – med hygiene, smittevern og reinhald i helsetenesta eller beslekta bransjar. Ho passar særleg godt for:

  • Tilsette i legekontor, dyrlegekontor og tannklinikkar

  • Helsearbeidarar i sjukeheimar, heimesjukepleie eller legevakt

  • Reinhaldarar med ansvar for spesialreinhald i helsebygg

  • Personell i sterilsentralar, operasjonsavdelingar og intensivavdelingar

  • Tilsette i apotektekniske stillingar

  • Portørar, fotterapeutar og andre med relevant fagbakgrunn

  • Personar som ønskjer formell kompetanse innan smittevern og sterilforsyning

Utdanninga er særleg aktuell i ei tid der krav til hygiene og tryggleik i tenestene blir stadig strengare – både i helsevesenet og i andre verksemder som handterer medisinsk utstyr.

Innhald i utdanninga

Utdanninga er sett saman av seks emne og gir ei heilskapleg innføring i sterilforsyning og smittevern:

  • Mikrobiologi, smittevern og spesialreingjering

  • Reingjering, desinfeksjon og sterilisering av utstyr og instrument

  • Sterilforsyning – lager og logistikk

  • Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse

  • Praksis

  • Fordjuping i sterilforsyning og smittevern

Studiet kombinerer teori og praksis, og du får god innsikt i både tekniske prosessar og etiske problemstillingar innan hygiene og smittevern i helsetenesta.

Viktig informasjon:

  • Studieform: Deltid, nett- og samlingsbasert

  • Varigheit: 2 år

  • Studiestader: Nordnes (vel studiestad Nordnes i søknaden for å delta via oss)

  • Poeng: 60 studiepoeng (Fagskulegrad)

  • Oppstart: Haust 2025

  • Opptak: Løpande opptak

Du kan søkje med relevant fagbrev, som til dømes helsearbeidarfaget, apotekteknikk eller reinhaldsoperatørfaget. Har du ikkje fagbrev, men fyller 23 år og har relevant erfaring, kan du søkje på grunnlag av realkompetanse.

NB! Undervisninga er digital med samlingar på Nordnes. Du kan følgje desse frå StudieHub sine lokale. Dersom vi blir mange nok som ønskjer å samlast lokalt, kan vi òg få til dei praktiske øvingane ved studiesenteret. Du kan også velje å ta utdanninga ved Fagskulens studiestad på Førde.

Slik søker du:
Gå til fagskulenvestland.no og vel studiestad Nordnes når du søkjer.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 12.06.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Psykisk helse i skulen – gratis NTNU-emne (7,5 stp) med samlingar i Ålesund

Gratis NTNU-emne (7,5 stp) som gir tilsette i skulen oppdatert kompetanse på førebygging, gjenkjenning og oppfølging av psykiske helseutfordringar hos elevar. Nett- og samlingsbasert med samlingar i Ålesund. Oppstart 17.09.2025. Søknadsfrist 03.09.2025.

Les meir

Ny vidareutdanning: Politikk, makt og juss

Vidareutdanninga Politikk, makt og juss er eit fleksibelt nettstudium på bachelornivå, som gir 10 studiepoeng over eitt semester. Studiet gir innføring i politikk, forvaltning og offentleg rett, og passar særleg for deg som er i arbeid og ønskjer fagleg påfyll. Opptak startar 9. juli 2025.

Les meir

Informasjonsmøte om nye vidareutdanningar innan elektro og automasjon

Les meir
Sjå alle saker i arkivet