Scroll top

Psykisk helse i skulen – gratis NTNU-emne (7,5 stp) med samlingar i Ålesund

Haust 2025

Vidareutdanning

Deltid

Bachelor-nivå

Nett- og samlingsbasert

Mange barn og unge opplever psykiske helseplager, og skulen er ei nøkkelarena for å førebygge og hjelpe. Dette emnet frå NTNU gir praktisk og forskingsbasert påfyll til deg som arbeider tett på elevar. Oppstart 17.09.2025. Søknadsfrist 03.09.2025.

Foto: Colourbox

Kvifor dette emnet?
Nasjonale undersøkingar viser at mange barn og unge strevar med psykisk helse. Skulefunger­ing og psykisk helse heng tett saman, og tilsette etterlyser meir tryggleik og handlingskompetanse i møte med elevane. Emnet «Psykisk helse i skulen» styrkjer di evne til å førebygge, identifisere og følgje opp psykiske vanskar i skulekvardagen.

Målgruppe
Emnet passar for lærarar og andre yrkesgrupper som arbeider med barn og unge i skulen – til dømes miljøarbeidarar, assistentar, rådgjevarar og andre som inngår i skulen sitt støtteapparat.

Innhald og læringsutbyte
Deltakarane får kunnskap om årsaker til og konsekvensar av psykiske vanskar, kva som fremjar livskvalitet og god skulefunger­ing, og korleis ein kan kjenne att begynnande og etablerte vanskar. Emnet tek opp vilkår og hindringar for godt tverrprofesjonelt samarbeid, og korleis ein kan arbeide kunnskapsbasert i praksis.

Aktuelle deltema

  • Førebygging på ulike nivå i skulen

  • Psykisk helsekompetanse i personalet

  • Gjenkjenningskompetanse på psykiske lidingar

  • Tverrprofesjonelt samarbeid og kunnskapsbasert praksis

  • Psykisk helse og skulestress

  • Ufrivillig skulefråvær

Praktisk informasjon

  • Oppstart: 17.09.2025

  • Søknadsfrist: 03.09.2025

  • Undervisningsform: Studium med fysiske og digitale samlingar

  • Stad for samlingar: Ålesund

  • Pris: Gratis (0 kr)

  • Studiepoeng: 7,5

  • Emnekode: IPH6228

  • Tilbydar: NTNU

Slik søkjer du
Opptak og detaljert emneskildring ligg hos NTNU. Søk via NTNU sine nettsider.

Kontakt
Har du spørsmål om praktiske høve, deltaking eller tilrettelegging via StudieHub – Fjordane Studiesenter, ta gjerne kontakt med oss.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 18.08.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Ny vidareutdanning: Politikk, makt og juss

Vidareutdanninga Politikk, makt og juss er eit fleksibelt nettstudium på bachelornivå, som gir 10 studiepoeng over eitt semester. Studiet gir innføring i politikk, forvaltning og offentleg rett, og passar særleg for deg som er i arbeid og ønskjer fagleg påfyll. Opptak startar 9. juli 2025.

Les meir

Informasjonsmøte om nye vidareutdanningar innan elektro og automasjon

Les meir
Bilete av reddik

Velkomen til informasjonsmøte om kurset «Berekraftige matsystemer»

StudieHub – Fjordane Studiesenter inviterer, i samarbeid med Sogn Kompetanse og NMBU, til eit digitalt informasjonsmøte om kurset Berekraftige matsystemer, som skal gjennomførast våren 2026 i både Sogn og Nordfjord. Møtet finn stad 19. juni kl. 09.00–09.45 på Teams, og rettar seg mot aktørar i heile matverdikjeda – frå lokalmatprodusentar til offentleg sektor. Kurset gir 5 studiepoeng frå NMBU og fokuserer på berekraftige verdikjeder, matsvinn og offentlege innkjøp. Det vert lokal tilpassing og undervisning i begge regionane. Påmelding skjer via e-post til kari@inviro.no.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet