Hausten 2026 startar deltidsstudium i sjukepleie i Førde. StudieHub – Fjordane Studiesenter legg til rette for at fleire kan ta bachelorutdanning medan dei bur og arbeider i regionen.
Foto: Henta frå HVL si nettside
Fakta om studiet:
Behovet for sjukepleiarar er stort – både lokalt og nasjonalt. No får fleire moglegheit til å ta sjukepleiarutdanning på deltid, med samlingar i Førde og tilrettelegging gjennom StudieHub.
Deltidsstudiet går over fire år (75 % progresjon) og kombinerer samlingar, digitale læringsaktivitetar og praksisperiodar. Praksis utgjer halvparten av utdanninga, og det blir – så langt det er mogleg – lagt til rette for praksis i Nordfjord og Sunnfjord.
Sjukepleieryrket er både utfordrande og meiningsfullt. Som sjukepleiar arbeider du tett på menneske i sårbare situasjonar og bidreg til helse, livskvalitet og tryggleik.
Gjennom studiet får du kompetanse i:
• personsentrert sjukepleie
• pasienttryggleik og etikk
• akutt og kronisk sjukdom
• samhandling og fagleg leiing
• innovasjon og utvikling i helsetenestene
Studiet gir deg ein bachelorgrad i sjukepleie (180 studiepoeng) og opnar for vidare spesialisering og masterstudium.
Lokal tilrettelegging gjennom StudieHub
StudieHub – Fjordane Studiesenter arbeider for at fleire skal kunne ta høgare utdanning utan å flytte frå regionen.
Vi tilbyr:
• Studieplass og fagleg fellesskap
• Dialog med arbeidsgivar
• Informasjon og oppfølging gjennom studieløpet
• Tilrettelegging for lokale møteplassar
Meld di interesse – så held vi deg oppdatert om studiet og eventuelt komande informasjonsmøte.
Sist oppdatert: 20.02.2026
UiB og SLATE tilbyr tre nettbaserte masteremne om menneske og kunstig intelligens hausten 2026. Emna handlar om menneske-KI-system, KI for læring og dataanalyse, og kan takast enkeltvis eller som fleire emne same semester. Tilbodet er nettbasert og på deltid, og kan vere relevant for personar i arbeid som ønskjer meir kompetanse om KI, læring og digitale miljø.
Les meir
UiB og SLATE startar hausten 2026 eit nytt nettbasert mikroemne om trygg og pedagogisk bruk av KI i skulen. Emnet passar særleg for lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule, men kan også vere relevant for skuleleiarar og andre som arbeider med undervisning og kompetanseutvikling. StudieHub legg til rette for lokale samlingar i regionen, slik at deltakarane kan dele erfaringar og knyte innhaldet til eigen praksis.
Les meir
Hausten 2026 tilbyr UiB Videre det nettbaserte deltidsstudiet Perspektiver på energiomstillingen i samarbeid med StudieHub. Emnet gir 10 studiepoeng på masternivå og tek føre seg energiomstilling frå fleire faglege perspektiv, mellom anna naturvitskap, samfunnsvitskap, jus, etikk og økonomi. Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om berekraft, teknologi, klima og samfunnsutvikling.
Les meir