Scroll top

Korleis forstår vi utfordrande åtferd? – autoritativt klima og sosial emosjonell læring

Deltid

Bachelor-nivå

Mikroemne

Nettbasert

Haust 2026

Korleis kan vi møte utfordrande åtferd i barnehage og skule på ein måte som fremjar inkludering og læring? Dette mikroemnet gir deg kunnskap om autoritativ rolle, sosial og emosjonell læring og inkluderande praksis.

Fakta om studiet

  • Namn på emnet: Korleis forstår vi utfordrande åtferd – autoritativt klima og sosial emosjonell læring

  • Tilbydar: Universitetet i Stavanger (UiS) – Læringsmiljøsenteret

  • Studiepoeng: 5

  • Nivå: Bachelor (mikroemne)

  • Undervisningsform: Digitalt

  • Opptakskrav: Generell studiekompetanse (realkompetanse kan vurderast)

  • Oppstart: 24. august 2026

  • Søknadsfrist: 10. august 2026

  • Pris: Gratis (semesteravgift ved UiS)

  • Eksamen: Bestått / ikkje bestått

Utfordrande åtferd er eit aktuelt tema i både barnehage og skule. Mikroemnet set søkjelys på korleis vi kan forstå og møte slik åtferd gjennom ein autoritativ vaksenrolle og eit inkluderande læringsmiljø.

Den autoritative rolla – kombinasjonen av tydelege forventningar og varme relasjonar – er avgjerande i arbeidet med barn og unge. I dette emnet lærer du korleis ein slik rolle kan utviklast både individuelt og i team og organisasjonar.

Emnet legg også vekt på sosial og emosjonell læring, mellom anna:

• sjølvmedvit
• sjølvregulering
• sosial medvit
• relasjonelle ferdigheiter
• å ta gode avgjerder

I tillegg blir inkludering løfta fram som eit sentralt perspektiv – med fokus på fellesskap, deltaking, medverknad og læringsutbyte.

Undervisninga er nettbasert og fleksibel. Du kan sjå førelesingar når det passar deg, og det blir òg tilbydd frivillige digitale seminar.

Mikroemnet passar for tilsette i barnehage og skule som ønskjer ei djupare forståing av praksisen sin – og konkrete verktøy som kan takast i bruk med ein gong.

Lokal tilrettelegging gjennom StudieHub

StudieHub – Fjordane Studiesenter legg til rette for deltakarar i regionen.

Vi tilbyr:

• Studieplass og fagleg fellesskap
• Struktur og støtte i studiearbeidet
• Dialog med arbeidsgivar ved behov

Les meir og søk her.

Meld interesse.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 23.02.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Styrk kompetansen innan observasjon og stell av sår

Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande.

Les meir

Ta prosjektleiing på nett og møt andre studentar lokalt

Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.

Les meir

Bærekraftige matsystemer: praksisnært kurs om mat, klima og lokale ressursar

Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit praksisnært kurs på 5 studiepoeng, utvikla av NMBU i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse. Kurset handlar om matsikkerheit, ressursbruk, matsvinn, klima og lokale matsystem i Vestland. Det kombinerer fysiske samlingar i Lærdal og på Sandane med digital undervisning og praktisk casearbeid i tverrfaglege grupper.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet