Scroll top

Informasjonsmøte om nye vidareutdanningar innan elektro og automasjon

Vår 2025

Haust 2025

Deltid

Fagskule-nivå

Nett- og samlingsbasert

Informasjonsmøter

Vil du vite meir om dei nye vidareutdanningstilboda innan elektro og automasjon? StudieHub – Fjordane Studiesenter, Sogn Kompetanse og Fagskolen Vestland inviterer til informasjonsmøte tysdag 19. august, både fysisk og digitalt.

Foto: Photo by Wonderlane on Unsplash

StudieHub – Fjordane Studiesenter, som er ein del av Inviro AS, inviterer til eit kort og informativt møte om dei nye vidareutdanningstilboda innan elektro og automasjon. Tilboda er utvikla av Fagskulen i Vestland i tett samarbeid med næringslivet i regionen og med Sogn Kompetanse, og gir moglegheit for å bygge seg opp mot tittelen fagskuleingeniør.

Tid: Tysdag 19. august 2025, kl. 09.00–09.45
Stad: Bankgata 1, Nordfjordeid (3. etasje) eller digital deltaking via Teams

Om utdanningstilboda:
Fagskulen i Vestland lanserer fleire pilotmodular innan elektro og automasjon, med oppstart frå hausten 2025. Modulane kan takast enkeltståande, men for dei som vil, kan ein bygge seg opp mot tittelen fagskuleingeniør – dersom ein gjennomfører til saman 120 fagskulepoeng og nasjonale krav til denne tittelen vert innfridde.

Kommande modular:

Haust 2025
• Moderne måleteknikk (5 stp) – oktober til november
• Vedlikehaldselektronikk (5 stp) – november til desember

Vår 2026
• Elektronikkutvikling (5 stp) – januar til februar
• EKOM (10–15 stp) – mars til juni

Undervisninga vil i hovudsak vere fleksibel og nettbasert, men nokre modular kan krevje fysisk oppmøte. Samlingsstadene vert planlagt ut frå kvar det er interesse og tilgjengeleg utstyr.

Målgruppe:
Tilboda passar for fagarbeidarar, teknikarar og andre som jobbar innan elektro og automasjon og ønskjer å styrke kompetansen sin, eller å bygge seg opp mot tittelen fagskuleingeniør.

Bli med på møtet:
Meld deg på ved å sende ein kort e-post til kari@inviro.no. Skriv namn, bedrift, om du deltek fysisk eller via Teams, og kor mange som kjem. Påmeldingsfrist er torsdag 14. august.

Vi vil gjerne høyre frå dykk i bransjen:
• Kva behov ser de for kompetanseheving?
• Har de aktuelle deltakarar hjå dykk?
• Korleis kan desse tilboda bidra til utvikling i di bedrift?

Velkomen til møte – og til vidare dialog om framtidas kompetanse innan elektro og automasjon!

Praktisk informasjon og Teams-lenke:

Klikk her for å delta på Teams-møtet

(Møte-ID: 326 661 643 624 2 | Passord: Xi23Gy9g)

Sist oppdatert: 25.06.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Psykisk helse i skulen – gratis NTNU-emne (7,5 stp) med samlingar i Ålesund

Gratis NTNU-emne (7,5 stp) som gir tilsette i skulen oppdatert kompetanse på førebygging, gjenkjenning og oppfølging av psykiske helseutfordringar hos elevar. Nett- og samlingsbasert med samlingar i Ålesund. Oppstart 17.09.2025. Søknadsfrist 03.09.2025.

Les meir

Ny vidareutdanning: Politikk, makt og juss

Vidareutdanninga Politikk, makt og juss er eit fleksibelt nettstudium på bachelornivå, som gir 10 studiepoeng over eitt semester. Studiet gir innføring i politikk, forvaltning og offentleg rett, og passar særleg for deg som er i arbeid og ønskjer fagleg påfyll. Opptak startar 9. juli 2025.

Les meir
Bilete av reddik

Velkomen til informasjonsmøte om kurset «Berekraftige matsystemer»

StudieHub – Fjordane Studiesenter inviterer, i samarbeid med Sogn Kompetanse og NMBU, til eit digitalt informasjonsmøte om kurset Berekraftige matsystemer, som skal gjennomførast våren 2026 i både Sogn og Nordfjord. Møtet finn stad 19. juni kl. 09.00–09.45 på Teams, og rettar seg mot aktørar i heile matverdikjeda – frå lokalmatprodusentar til offentleg sektor. Kurset gir 5 studiepoeng frå NMBU og fokuserer på berekraftige verdikjeder, matsvinn og offentlege innkjøp. Det vert lokal tilpassing og undervisning i begge regionane. Påmelding skjer via e-post til kari@inviro.no.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet