Scroll top

Ernæring og fysisk aktivitet – Nettstudium (15 stp)

Haust 2025

Vidareutdanning

Deltid

Bachelor-nivå

Nettbasert

Korleis påverkar kosthald og ernæring kroppen under fysisk aktivitet? I dette emnet får du ei praktisk og teoretisk innføring i ernæring knytt til helse, idrettsprestasjon og trivsel. Perfekt for deg som vil kombinere studiar med jobb og trening!

Foto: Sporlab

Ernæring og fysisk aktivitet er eit fleksibelt nettstudium på 15 studiepoeng som gir deg verdifull innsikt i samanhengen mellom kosthald, trening og helse. Studiet tek for seg korleis kroppen nyttar næringsstoff, kva rolle kosttilskot spelar, og korleis ein kan planleggje eit balansert kosthald for ulike grupper.

Emnet tilbys av Høgskulen i Volda og er eit obligatorisk fag i bachelorprogrammet i idrett og kroppsøving, men kan også takast som eit frittståande studium. Det passar spesielt godt for deg som er interessert i folkehelse, idrett og ernæring – anten du er student, trenar, helsearbeidar eller berre ønskjer meir kunnskap om mat og fysisk aktivitet.

Organisering og læringsformer:

  • Studiet er nettbasert og delt inn i tre modular:
    1. Grunnleggande ernæringslære
    2. Helse og ernæring
    3. Idrett og ernæring
  • Ingen fysiske samlingar – passar godt for deg som vil kombinere jobb og studiar.
  • Arbeidskrav: fleirsvarsoppgåver, fagleg videoinnlegg og skriftleg oppgåve.
  • Digital undervisning gjennom læringsplattforma Canvas.

Eksamen:
Studiet avsluttast med ei 24-timars heimeeksamen på 2500 ord, der alle hjelpemiddel er tillatne.

Kvifor velje dette emnet?
✔ Ingen krav til forkunnskapar
✔ Nettstudium – studer når og kvar du vil
✔ Relevant for deg som er opptatt av helse, idrett og kosthald
✔ Praktiske og teoretiske ferdigheiter du kan bruke i både yrkeslivet og kvardagen

Det er løpande opptak og studiumet har opptak både vår og haust. 

Les meir og søk plass her.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 17.02.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Psykisk helse i skulen – gratis NTNU-emne (7,5 stp) med samlingar i Ålesund

Gratis NTNU-emne (7,5 stp) som gir tilsette i skulen oppdatert kompetanse på førebygging, gjenkjenning og oppfølging av psykiske helseutfordringar hos elevar. Nett- og samlingsbasert med samlingar i Ålesund. Oppstart 17.09.2025. Søknadsfrist 03.09.2025.

Les meir

Ny vidareutdanning: Politikk, makt og juss

Vidareutdanninga Politikk, makt og juss er eit fleksibelt nettstudium på bachelornivå, som gir 10 studiepoeng over eitt semester. Studiet gir innføring i politikk, forvaltning og offentleg rett, og passar særleg for deg som er i arbeid og ønskjer fagleg påfyll. Opptak startar 9. juli 2025.

Les meir

Informasjonsmøte om nye vidareutdanningar innan elektro og automasjon

Les meir
Sjå alle saker i arkivet