Scroll top

Demens og utfordrande åtferd – styrk kompetansen i møte med krevjande situasjonar

Deltid

Fagskule-nivå

Nett- og samlingsbasert

Haust 2026

Demens rammar stadig fleire, og mange utviklar utfordrande åtferd som krev fagleg tryggleik og gode verktøy. Denne vidareutdanninga gir deg praksisnær kompetanse i førebygging og handtering.

Foto: Photo by Robina Weermeijer on Unsplash

Fakta om studiet

  • Namn på utdanninga: Demens og utfordrande åtferd

  • Tilbydar: Fagskulen Aldring og helse

  • Studiepoeng: 10

  • Nivå: Fagskule

  • Omfang: Deltid

  • Periode: Vinter 2026/2027

  • Organisering: 8 digitale samlingar + 2 fysiske samlingsdagar

  • Vurdering: Arbeidskrav (bestått / ikkje bestått)

  • Studieavgift: Ingen studieavgift (ordinær semesteravgift)

  • Søknad: Frå 1. mars

Aldring i befolkninga fører til fleire personar med demenssjukdom. Åtferdsmessige og psykiske symptom (APSD) kan vere krevjande både for den enkelte, pårørande og helsepersonell.  Vidareutdanninga gir deg kunnskap og konkrete metodar for å:

• forstå demenssjukdommar og symptom
• kartleggje funksjon og behov
• førebyggje og handtere utfordrande åtferd
• arbeide personsentrert
• samhandle med pårørande og kollegaer

Undervisninga er tett knytt til praksisfeltet og gir verktøy som kan takast i bruk direkte i eigen arbeidskvardag.

Utvikla i samarbeid med kommunane
StudieHub – Fjordane Studiesenter har, gjennom SIV – studiesentera i Vestland, vore med i arbeidet med å utforme gjennomføringa av utdanninga i regionen.

Kinn, Lærdal og Stad kommune har delteke i referansegruppe knytt til innhaldet i studiet. Dette sikrar at utdanninga er relevant og tilpassa faktiske behov i kommunal helse- og omsorgsteneste i Vestland.

Kompetanse innan demensomsorg er sentral i kommunane sine kvalitets- og kompetanseplanar, og kan bidra til tryggare tenester og redusert bruk av tvang.

Les meir og søk her.

Meld interesse. 

Kari Eldby Rygg

Sist oppdatert: 20.02.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Ny fagskule: Trygg handtering av utfordrande situasjonar i oppvekstsektoren

Ei gratis fagskuleutdanning på 30 studiepoeng for deg som jobbar i oppvekstsektoren og ønskjer meir kompetanse i førebygging, trygg handtering og rettleiing i møte med utfordrande situasjonar. Oppstart 15. september 2026 i Nordfjord.

Les meir

Bli elektroingeniør på deltid – studer i Førde og kombiner med jobb

No kan du ta bachelor i elektroingeniør på deltid i Førde. Studiet er nett- og samlingsbasert og gjer det mogleg å kombinere utdanning med jobb. Vel mellom spesialisering i automatisering og robotikk eller elkraftteknikk.

Les meir

Korleis forstår vi utfordrande åtferd? – autoritativt klima og sosial emosjonell læring

Mikroemnet Korleis forstår vi utfordrande åtferd (5 studiepoeng) gir deg kunnskap om autoritativ rolle, sosial og emosjonell læring og inkluderande praksis. Studiet er digitalt og fleksibelt, og kan kombinerast med jobb.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet