Scroll top

Vårens utdanningar 2027 - under oppdatering

Vidareutdanning

Deltid

Mikroemne

Nettbasert

Nett- og samlingsbasert

Vår 2027

Vil du lære noko nytt utan å flytte eller slutte i jobben? Her er utdanningane vi tilrår til våren. Dei går på nett, og du kan bruke studentstova som lese- og arbeidsplass. Vi hjelper deg gjerne med val og søknad.

Illustrasjonsbilde av en student

Foto: Photo by Jerome on Unsplash

Ikkje utfyllande - oversikta blir oppdatert.

Kva ligg bak utfordrande åtferd?

Mikroemne frå Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

For deg som jobbar med barn og unge, i barnehage, skule, SFO eller andre tenester. Emnet ser på samspelet mellom barnet og omgivnadene, risiko- og beskyttelsesfaktorar og korleis vaksne kan møte utfordrande åtferd på ein god måte. Du får også ei innføring i korleis du kan handtere utfordrande åtferd, aggresjon og vald, og kjenne igjen tidlege teikn på at noko er i ferd med å eskalere.

  • Studiepoeng: 5
  • Form: nettbasert. Førelesingane ligg ute, så du kan sjå dei når det passar deg. Frivillige digitale seminar 15. januar og 8. mars
  • Opptakskrav: generell studiekompetanse eller realkompetanse. Gratis, du betaler berre semesteravgift til UiS
  • Søknadsfrist: 10. desember 2026
  • Oppstart: 11. januar 2027

Les meir hos UiS eller søk direkte

Bærekraftig økonomi og leiing

Årsstudium frå Handelshøgskulen ved NMBU.

For deg som vil styrke kompetansen din i økonomi, HR og leiing, anten du jobbar i privat eller offentleg verksemd. Studiet er nettbasert, og du kan ta det på deltid over to til fire år. Undervisninga skjer gjennom videoar, oppgåver i Canvas og digitale samlingar på kveldstid.

Emne våren 2027 [SJEKK med NMBU]:

  • Bærekraftig lederskap
  • Excel i økonomisk virksomhetsstyring, eller HR, arbeidsgiveransvar og HMS
  • Finansregnskap med bærekraftrapportering
  • Grunnleggende økonomistyring

Kvart emne gir 7,5 studiepoeng. Opptakskravet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Semesteravgifta er 750 kr.

  • Søknadsfrist: 15. januar 2027
  • Oppstart: byrjinga av februar 2027

Les meir hos NMBU eller søk i Søknadsweb

Er du interessert? ? Meld interesse i skjemaet vårt, så tar vi kontakt.

Digital kompetanse for arbeidslivet

Mikroemne frå UiB Videre. Informasjon om vårens emne kjem 1. november. Les meir hos UiB: https://www4.uib.no/studier/ne...

Slik kan vi hjelpe deg

  • Rettleiing om kva utdanning som passar for deg
  • Hjelp med søknaden, også om du søker på grunnlag av realkompetanse
  • Lese- og arbeidsplass i studentstova nær deg. Er de fleire frå regionen som tar same utdanning, legg vi til rette for at de kan møtest i lokala våre, sjå forelesingane saman og samarbeide

  • Eit fellesskap med andre som studerer ved sida av jobben

Vil du vite meir om ei av utdanningane? Meld interesse i skjemaet vårt, så tar vi kontakt.

Ta kontakt med Kari Eldby Rygg på kari@inviro.no eller 952 87 575.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 27.10.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Ta prosjektleiing på nett – delta lokalt på Nordfjordeid

Fagskulen Vestland tilbyr det gratis, nettbaserte emnet Innføring i prosjektleiing hausten 2026. Emnet går over seks veker, gir 5 studiepoeng og kan kombinerast med full jobb. StudieHub legg til rette for at du kan delta på dei fire digitale samlingane saman med andre i lokala våre på Nordfjordeid.

Les meir

Styrk kompetansen innan observasjon og stell av sår

Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande.

Les meir

Ta prosjektleiing på nett og møt andre studentar lokalt

Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet