Scroll top

Utviklingshemming, miljøarbeid og aldring – spesialisert kompetanse for framtidas tenester

Deltid

Fagskule-nivå

Nett- og samlingsbasert

Haust 2026

Personar med utviklingshemming lever lenger enn før, og fleire blir eldre. Denne fagskuleutdanninga gir deg spesialisert og praksisnær kompetanse i møte med ei aldrande brukargruppe.

Foto: Photo by Victoria Prymak on Unsplash

Fakta om studiet

  • Namn på utdanninga: Utviklingshemming, miljøarbeid og aldring

  • Tilbydar: Fagskulen Aldring og helse

  • Studiepoeng: 60

  • Nivå: Høgare fagskulegrad

  • Omfang: Deltid over 2 år (tilsvarar 1 år fulltid)

  • Studiestader: Bergen, Tønsberg eller 100 % nettbasert

  • Gjennomføring: Nettundervisning med samlingar

  • Praksis: På eigen arbeidsplass (12 studiepoeng)

  • Vurdering: Mappevurdering og avsluttande eksamen (A–F)

  • Oppstart: 2026

Auka levealder blant personar med utviklingshemming fører til nye behov i helse- og omsorgstenestene. Aldringsprosessen kan vere annleis, starte tidlegare og krevje særskild kompetanse.

Fagskuleutdanninga gir deg fordjuping i:

• aldring hos personar med utviklingshemming
• aldersrelaterte sjukdommar
• miljøbehandling og målretta tiltak
• etikk, kommunikasjon og samhandling
• organisering, system og leiing

Studiet kombinerer nettundervisning, samlingar og praksisoppgåver i eigen arbeidskvardag. Hovudprosjektet gir deg høve til å arbeide med ei konkret problemstilling frå praksisfeltet.

Utdanninga er arbeidslivsretta og utvikla for yrkesaktive i helse- og omsorgstenesta. Kompetansen kan bidra til betre kvalitet i bustadtenester, styrkt helseoppfølging og meir målretta miljøarbeid.

Opptakskrav

Fagbrev som helsefagarbeidar / omsorgsarbeidar
eller tilsvarande bakgrunn
(Realkompetanse kan vurderast)

Lokal tilrettelegging gjennom StudieHub

StudieHub – Fjordane Studiesenter legg til rette for deltakarar frå Nordfjord og Sunnfjord.

Vi tilbyr:

• Studieplass og teknisk støtte
• Fagleg fellesskap lokalt
• Informasjon og oppfølging
• Dialog med arbeidsgivar

Utdanninga kan inngå i kommunen si satsing på kompetanseheving og kvalitetsutvikling.

Les meir her.

Meld interesse.


Kari Rygg

Sist oppdatert: 23.02.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Ny fagskule: Trygg handtering av utfordrande situasjonar i oppvekstsektoren

Ei gratis fagskuleutdanning på 30 studiepoeng for deg som jobbar i oppvekstsektoren og ønskjer meir kompetanse i førebygging, trygg handtering og rettleiing i møte med utfordrande situasjonar. Oppstart 15. september 2026 i Nordfjord.

Les meir

Bli elektroingeniør på deltid – studer i Førde og kombiner med jobb

No kan du ta bachelor i elektroingeniør på deltid i Førde. Studiet er nett- og samlingsbasert og gjer det mogleg å kombinere utdanning med jobb. Vel mellom spesialisering i automatisering og robotikk eller elkraftteknikk.

Les meir

Korleis forstår vi utfordrande åtferd? – autoritativt klima og sosial emosjonell læring

Mikroemnet Korleis forstår vi utfordrande åtferd (5 studiepoeng) gir deg kunnskap om autoritativ rolle, sosial og emosjonell læring og inkluderande praksis. Studiet er digitalt og fleksibelt, og kan kombinerast med jobb.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet