Scroll top

Ta prosjektleiing på nett – delta lokalt på Nordfjordeid

Deltid

Fagskule-nivå

Nettbasert

Nett- og samlingsbasert

Haust 2026

Vil du lære meir om å planleggje, styre og leie prosjekt? Fagskulen Vestland tilbyr det nettbaserte emnet Innføring i prosjektleiing hausten 2026. Du kan følgje dei digitale samlingane saman med andre i lokala våre på Nordfjordeid.

Foto: KI-generert ChatGPT

Kort om utdanninga

Namn på emnet: Innføring i prosjektleiing
Tilbydar: Fagskulen Vestland
Studiepoeng: 5
Format: Deltid og nettbasert, med fire digitale samlingar og eige arbeid
Studiestad: Førde. Du kan delta lokalt ved studiesenteret i lokala våre på Nordfjordeid
Varigheit: 6 veker
Pris: Gratis
Søknadsfrist: 8. oktober 2026
Oppstart: 20. oktober 2026
Opptak: Relevant fagbrev innan bygg- og anleggsfag, eller realkompetanse for søkjarar som har fylt 23 år og har relevant erfaring

Få ei praktisk innføring i prosjektleiing

Emnet gir innføring i prosjekt som arbeids- og styringsform. Du lærer om sentrale metodar, organisering og dei ulike partane i eit prosjekt. Du får også kunnskap om korleis du kan planleggje, styre, risikovurdere og leie overordna prosessar frå mandat og oppstart til overlevering og ferdigstilling.

Gjennom emnet arbeider du mellom anna med prosjektplanlegging, ressursar, innkjøp, prosjektøkonomi, samhandling, dokumentasjon og rapportering.

Laga for å kunne kombinerast med jobb

Utdanninga går over seks veker og er lagd opp med fire digitale samlingar og eige arbeid mellom samlingane. Det gjer det mogleg å ta emnet ved sida av full jobb.

Det er krav om ei individuell skriftleg innlevering. Sluttvurderinga er bestått eller ikkje bestått og byggjer på den skriftlege innleveringa.

Delta i eit lokalt læringsfellesskap på Nordfjordeid

Sjølv om undervisninga er digital, treng du ikkje sitje åleine. Lokal deltaking kan vere aktuelt under alle dei fire digitale samlingane. StudieHub legg til rette for at studentar kan følgje samlingane saman i lokala våre i Moengården aust, 2. etasje, på Nordfjordeid. Her kan du møte andre studentar, dele erfaringar og vere del av eit lokalt læringsfellesskap.

Du kan også nytte leseplassane i Studentstova når du arbeider med emnet.

Ønskjer du å delta lokalt? Meld interessa di til Kari Eldby Rygg på kari@inviro.no.

Samlingsplan hausten 2026

Dato og tidInnhald
20. oktober kl. 11.30–15.00Innføring i prosjektleiing: arbeidsform, mål og roller
27. oktober kl. 11.30–15.00Prosjektplanlegging: framdrift, ressursar og innkjøp
10. november kl. 11.30–15.00Prosjektøkonomi: kalkulasjon, rekneskap og styring
24. november kl. 11.30–15.00Samhandling og rapportering: dokumentasjon og ferdigstilling

Kven kan søkje?

Tilbodet passar for deg som har relevant fagbrev innan bygg- og anleggsfag. Fagskulen Vestland har publisert ei fullstendig liste over fagbreva som gir grunnlag for opptak på utdanningssida.

Har du ikkje fagbrev, kan du søkje på grunnlag av realkompetanse dersom du har fylt 23 år og har relevant erfaring. Det er løpande opptak.

Søk innan 8. oktober

Emnet er gratis og har oppstart 20. oktober 2026. Det er framleis mogleg å søkje.

Lenkjer:

Kari E. Rygg

Sist oppdatert: 21.09.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Illustrasjonsbilde av en student

Vårens utdanningar 2027 - under oppdatering

Feksible utdanningar på nett med oppstart våren 2027. Første søknadsfrist er 10. desember.

Les meir

Styrk kompetansen innan observasjon og stell av sår

Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande.

Les meir

Ta prosjektleiing på nett og møt andre studentar lokalt

Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet