Scroll top

Styrk kompetansen innan observasjon og stell av sår

Deltid

Fagskule-nivå

Nett- og samlingsbasert

Haust 2026

Jobbar du innan helse og ønskjer meir kompetanse i observasjon, førebygging og behandling av sår? Hausten 2026 startar Tirna fagskoleutdanninga Observasjon og stell av sår. Utdanninga går på deltid med digital undervisning på kveldstid og fysiske samlingar i Sogndal og på Nordfjordeid.

Foto: Skjermbilde fra Tirnas nettside

Kort om utdanninga

Namn på utdanninga: Observasjon og stell av sår
Tilbydar: Tirna
Studiepoeng: 30 studiepoeng
Nivå: Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
Studieform: Deltid
Format: Digital undervisning kombinert med fysiske samlingar
Studiestad: Sogndal og Nordfjordeid
Varigheit: 2 semester
Oppstart: 16. september 2026
Tidspunkt: Kl. 17.00–21.00
Digital undervisning: Kvar onsdag og enkelte måndagar
Fysiske samlingar: To samlingar per semester
Søknadsfrist: 16. september 2026
Studieavgift: Utdanninga er fylkesfinansiert
Studentavgift: 700 kroner, eingongsbeløp
Utstyr: 1 500 kroner, eingongsbeløp
Status: Ope for påmelding

Les meir og søk her.

Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling
Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande. Utdanninga gir praktisk og fagleg kunnskap om korleis ulike typar sår kan observerast, førebyggjast og behandlast.

Du lærer mellom anna å observere sår på ein strukturert måte, kjenne igjen ulike sårtypar og forstå kva som påverkar tilheling. Utdanninga tek også for seg hygiene, praktisk sårstell, komplikasjonar, ulike behandlingsmetodar og bruk av avanserte sårprodukt, teknologi og digitale verktøy.

Studiet legg vekt på personsentrert omsorg og på å tilpasse behandlinga til den enkelte pasienten. Du får også kunnskap om korleis sår kan påverke livskvaliteten fysisk, psykisk, sosialt og økonomisk.

For deg som arbeider innan helse
Utdanninga passar mellom anna for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, ambulansearbeidarar og omsorgsarbeidarar.

For ordinært opptak krev Tirna fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev eller autorisasjon. Det er også mogleg å søkje på bakgrunn av realkompetanse dersom vilkåra for dette er oppfylte.

Kompetansen kan vere relevant for arbeid med observasjon og oppfølging av sår i mellom anna sjukehus, institusjonar, sårklinikkar og heimetenesta.

Kombiner nettundervisning med lokale samlingar
Undervisninga er lagt opp slik at utdanninga kan kombinerast med arbeid. Den digitale undervisninga skjer på kveldstid, kvar onsdag og enkelte måndagar.

I tillegg blir det gjennomført to fysiske samlingar per semester. Samlingane blir fordelte mellom Sogndal og Nordfjordeid, med to samlingar på kvar stad gjennom utdanningsløpet.

Dette gir studentane høve til både fleksibel digital undervisning og fysisk ferdigheitstrening og samarbeid med medstudentar.

Fylkesfinansiert utdanning
Utdanninga er fylkesfinansiert. Studentane betaler likevel ein studentavgift på 700 kroner og 1 500 kroner for utstyr som blir brukt i praktiske øvingar gjennom utdanninga. Litteratur kjem i tillegg.

Er du fagorganisert, kan det også vere aktuelt å undersøkje med fagforbundet ditt om du kan søkje stipend eller andre støtteordningar.

Utdanninga er godkjend for støtte frå Lånekassen.

Oppstart i september
Utdanninga startar 16. september 2026, og Tirna opplyser at det er ope for påmelding.

Vil du vite meir om faginnhald, opptakskrav eller søknad, kan du lese meir hos Tirna eller ta kontakt med kontaktpersonen for utdanninga.

Kontaktperson:
Anders Skjervheim
anders.skjervheim@tirna.no
99 38 45 42

Tirna:
52 70 90 00
post@tirna.no
www.tirna.no

Kari Rygg

Sist oppdatert: 16.08.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Illustrasjonsbilde av en student

Vårens utdanningar 2027 - under oppdatering

Feksible utdanningar på nett med oppstart våren 2027. Første søknadsfrist er 10. desember.

Les meir

Ta prosjektleiing på nett – delta lokalt på Nordfjordeid

Fagskulen Vestland tilbyr det gratis, nettbaserte emnet Innføring i prosjektleiing hausten 2026. Emnet går over seks veker, gir 5 studiepoeng og kan kombinerast med full jobb. StudieHub legg til rette for at du kan delta på dei fire digitale samlingane saman med andre i lokala våre på Nordfjordeid.

Les meir

Ta prosjektleiing på nett og møt andre studentar lokalt

Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet