Scroll top

Vil du bli tryggare i rettleiing? Studer medan du jobbar!

Haust 2025

Vidareutdanning

Deltid

Bachelor-nivå

Mikroemne

Nettbasert

Veiledningspedagogikk for helse- og sosialfag 1 er eit fleksibelt nettstudium frå Nord Universitet som gir deg formell kompetanse i rettleiing – og vi legg til rette for fysiske samlingar lokalt hos oss på samlingsdagane.

Foto: Bilete henta frå nettsida til Nord Universitet

Studiet passar for deg som jobbar med studentar, elevar, kollegaer, nytilsette, leiarar eller brukarar av tenester – enten du er i privat eller offentleg sektor. Her får du lære om veiledningsteoriar og metodar, etikk, tverrfagleg samarbeid, læringssyn og ikkje minst: kunsten å gjennomføre gode rettleiingssamtalar.

Nettbasert og tilpassa jobbkvardagen
Lokale samlingar gir rom for fagleg fellesskap og erfaringsutveksling
Gir formell kompetanse som praksisrettleiar

Har du fått plass? Ta kontakt med oss for å bli med på dei lokale samlingane!

Om studiet

Studiet er ein del av universitetet si satsing på å kvalifisere gode praksisrettleiarar, i tråd med dei nasjonale retningslinjene frå Universitets- og høgskolerådet.

Emnet VEP6000 gir deg grunnleggande kompetanse i å rettleie både studentar, fagpersonar, leiarar og brukarar – med fokus på læring og endring, relasjonar og tverrprofesjonell samhandling. Du lærer gjennom nettundervisning, dialog, refleksjon og rettleiing i praksis.

Praktisk info

📌 Studieform: Nettbasert med moglegheit for lokale samlingar
📌 Studiepoeng: 15
📌 Passar for: Praksisrettleiarar, helse- og sosialfagleg personell
📌 Søknadsfrist: Løpande opptak – søk så snart som mogleg!

Les meir og søk plass her: https://www.nord.no/studier/ve...

💬 Ta kontakt!

Fekk du plass på studiet? Eller lurar du på noko?

Send oss ein e-post eller slå på tråden – vi hjelper deg gjerne med å kome i gang og bli med på dei lokale samlingane.

Sist oppdatert: 01.04.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Ny vidareutdanning i kunstig intelligens – oppstart på Nordfjordeid hausten 2025

Vidareutdanninga Skreddarsydde KI-system har oppstart på Nordfjordeid hausten 2025, i samarbeid med StudieHub. Lær å bruke og utvikle KI-løysingar som passar din arbeidskvardag – eit fleksibelt og gratis studium over eitt semester. 

Les meir

Aktuell fagskoleutdanning: Utviklingshemming, miljøarbeid og aldring

Utviklingshemming, miljøarbeid og aldring er organisert som deltidsstudium over to år (tilsvarende ett år fulltid). Utdanningen er delt opp i emner med ulike temaer og studiekrav knyttet til disse.

Les meir

Ny bachelor i skulefritidspedagogikk – deltid og samlingsbasert!

Høgskulen på Vestlandet (HVL) lanserer hausten 2024 ein ny deltidsbachelor i skulefritidspedagogikk. Studiet er samlingsbasert og gir tilsette i SFO og skulen kompetanse innan leik og læring, spesialpedagogikk, fysisk aktivitet, kunst- og kulturaktivitetar, samt mat og måltidsglede. Med tre fysiske samlingar per semester på Stord, Sogndal og Bergen, kan studentane kombinere studiet med jobb.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet