Scroll top

Ny vidareutdanning i kunstig intelligens – oppstart 28. januar 2026

Deltid

Fagskule-nivå

Mikroemne

Nett- og samlingsbasert

Vår 2026

Vil du lære å utvikle eigne KI-løysingar tilpassa arbeidskvardagen? No kan du søke vidareutdanninga Skreddarsydde KI-system – nettbasert og tilrettelagt gjennom StudieHub.

Foto: Photo by Steve Johnson on Unsplash

Kunstig intelligens (KI) er ikkje lenger noko som berre høyrer framtida til – det er ei aktuell og konkret løysing for å styrke innovasjon og effektivitet i arbeidslivet her og no. No lanserer vi vidareutdanninga Skreddarsydde KI-system, der du lærer korleis KI kan nyttast til å løyse utfordringar i di eiga bedrift – og du får utvikle verktøy tilpassa dine behov.

Studiet har oppstart våre 2026 og blir gjennomført av Fagskulen Vestland i samarbeid med StudieHub. Dette betyr at du får eit tilgjengeleg og lokalt tilbod, med tett oppfølging og ei praktisk tilnærming til læring.

Gjennom deltidsstudiet lærer du å bruke kunstig intelligens til å:

  • effektivisere arbeidsprosessar

  • dele kunnskap på tvers av avdelingar

  • forbetre anbod og kundeservice

  • utvikle nye, kreative løysingar i tråd med verksemda sine mål

Utdanninga gir 5 studiepoeng og går over eitt semester, med ei kombinasjon av nettundervisning og ei fysisk samling på Nordfjordeid. Du får rettleiing undervegs og jobbar med reelle problemstillingar frå din eigen arbeidsplass. Studiet er gratis og tilrettelagt for yrkesaktive vaksne.

Søknadsfrist: 5. januar 2026
Studiestad: Nettbasert (vi legg tilrette for lokale samlingar ved StudieHub)
Form: Deltid, nettbasert
Kostnad: Gratis
Poeng: 5 studiepoeng
For kven: Aktuelt for alle

👉 Les meir og søk her

Kari Rygg

Sist oppdatert: 03.12.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Fordjupingsmodul i EKOM – praksisnær vidareutdanning i elektronisk kommunikasjon

Fordjupingsmodulen i EKOM er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng over fire månadar, med samlingar i Førde og nettundervisning. Studiet gir praksisnær og oppdatert kompetanse i elektronisk kommunikasjon, og kan – for søkjarar med rett bakgrunn – gjere deg kvalifisert til å søkje ekom-autorisasjon.

Les meir

Grunnleggande innføring i leiing – nettbasert vidareutdanning våren 2026

Nettbasert deltidsstudium på 15 studiepoeng som gir ei grunnleggande innføring i leiing, personalarbeid og arbeidslivsmodellen i Noreg. Passar for alle med generell studiekompetanse og kan følgjast via StudieHub – Fjordane Studiesenter. Løpande opptak frå november.

Les meir

Kunstig intelligens og programmering – praktisk kurspakke for industrien

Kurspakka Kunstig intelligens og programmering gir praktisk og relevant kompetanse for deg som vil bruke data, programmering og kunstig intelligens i arbeidshverdagen. Våren 2026 tilbyr HVL kurset Data Engineering: Frå teori til praksis, med samlingar i Førde og fleksibel digital undervisning. Søknadsfrist 1. desember 2025.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet