Scroll top

Ny bachelor i skulefritidspedagogikk – deltid og samlingsbasert!

Haust 2025

Grunnutdanning

Deltid

Bachelor-nivå

Nett- og samlingsbasert

Informasjonsmøter

Ønskjer du å styrke kompetansen din innan skulefritidspedagogikk? Høgskulen på Vestlandet (HVL) lanserer ein ny bachelorgrad hausten 2024, spesielt retta mot tilsette i SFO og skulen. Studiet er deltids- og samlingsbasert, med tre fysiske samlingar i semesteret på Stord, Sogndal eller Bergen.

Foto: Henta frå nettsida til HVL

Skulefritidsordninga (SFO) er ein viktig arena for leik, vennskap og læring. Den nye bachelorgraden i skulefritidspedagogikk ved HVL gir deg kompetansen til å vidareutvikle SFO som eit inkluderande og pedagogisk tilbod. Studiet tek utgangspunkt i rammeplanen for SFO og gjev innsikt i leik og læring, spesialpedagogikk, fysisk aktivitet, kunst- og kulturaktivitetar, mat og måltidsglede, samt leiing og organisasjonsutvikling.

Fleksibel utdanning for deg som jobbar
Studiet går over fire år på deltid og passar godt for deg som alt jobbar i SFO eller skulen. Kombinasjonen av fysiske samlingar og nettundervisning gir deg fleksibilitet til å kombinere jobb og studium. Tidlegare vidareutdanning i SFO-relaterte fag kan gi fritak for enkelte emne i bacheloren.

Delta på informasjonsmøte!
Ønskjer du å vite meir? Meld deg på eit av våre informasjonsmøte:
📅 Tysdag 11. mars kl. 19:00–20:00 – Digitalt på Teams
📅 Onsdag 12. mars kl. 19:00–20:00 – Fysisk på HVL, campus Stord

🔗 Meld deg på her: Påmeldingslenke

Ta steget mot ei ny framtid i SFO og skulen!

Kari Rygg

Sist oppdatert: 28.02.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Ny vidareutdanning i kunstig intelligens – oppstart på Nordfjordeid hausten 2025

Vidareutdanninga Skreddarsydde KI-system har oppstart på Nordfjordeid hausten 2025, i samarbeid med StudieHub. Lær å bruke og utvikle KI-løysingar som passar din arbeidskvardag – eit fleksibelt og gratis studium over eitt semester. 

Les meir

Vil du bli tryggare i rettleiing? Studer medan du jobbar!

Formell kompetanse i rettleiing, tilpassa kvardagen din. Ta nettstudium frå Nord Universitet og bli med på lokale samlingar hos oss – søk no og kom i gang!

Les meir

Aktuell fagskoleutdanning: Utviklingshemming, miljøarbeid og aldring

Utviklingshemming, miljøarbeid og aldring er organisert som deltidsstudium over to år (tilsvarende ett år fulltid). Utdanningen er delt opp i emner med ulike temaer og studiekrav knyttet til disse.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet