Vil du lære å bruke moderne, PC-baserte måleinstrument på ein trygg og profesjonell måte? Denne to månadar lange modulen gir deg kunnskap og ferdigheiter du kan ta rett inn i arbeidshverdagen. Oppstart 7. januar i Førde.
Foto: Photo by Thorium on Unsplash
Modulen Moderne måleteknikk er eit praktisk og relevant tilbod for fagarbeidarar som ønskjer å styrke kompetansen sin innan moderne måleinstrument, datalogging og analyse av signal og overføringsprotokollar. Studiet er ein del av fagskuleutdanninga Automatisering (120 studiepoeng), og kan gi grunnlag for fritak dersom du seinare vel å ta ei full utdanning.
Kva lærer du?
Gjennom undervisning i nett- og samlingsformat får du innføring i bruk av universelle, PC-baserte måleinstrument – ofte omtalt som "PC-oscilloskop". Du lærer å bruke oscilloskop, funksjonsgenerator, dataloggar, nett- og bussanalysator og eit utval spesialinstrument.
Studiet gir deg:
Kunnskap om sentrale omgrep som trigger, aliasing, samplingsfrekvens og impedans
Innsikt i kva parameter som avgrensar bruken av eit måleinstrument
Ferdigheiter i oppkopling, kalibrering av måleprobar og praktiske målingar
Kompetanse i måling, logging og samanlikning av signal frå fleire kanalar
Evne til å setje opp instrument for analyse av minst éin type dataoverføringsprotokoll
Tryggleik i val av rett utstyr, og trygg bruk utan risiko for skade
Du vil også lære å drøfte måletekniske problemstillingar med andre fagpersonar.
Studieform og samlingar
Modulen går over to månader, er deltid og nett- og samlingsbasert. Undervisninga skjer via Teams, med ei fysisk samling i Førde
7. januar – Teams
13. januar – Teams
21. januar – Førde (lab)
28. januar – Teams
4. februar – Teams
18. februar – innleveringsfrist
Arbeidsmengde
Studiet utgjer 5 studiepoeng og tilsvarar 125–150 timar arbeid.
Dette omfattar både samlingar, nettundervisning, sjølvstudium og arbeid med læringsnotat og case.
Vurdering
Vurderinga er ei mappe som består av:
To læringsnotat (15 % + 15 %)
Individuelt case (70 %)
Vurderingsuttrykket er A–F.
Kostnad
Studiet er gratis.
Modulen er ein del av Industripiloten for etterutdanning av industriarbeidarar. Bedrifter som er medlem i Norsk Industri kan søke Industriens kompetansefond om lønsrefusjon for inntil to veker per tilsett. Ordninga gjeld også arbeidstakarar under andre tariffavtalar enn Industriovereinskomsten.
Opptak
Det er løpande opptak fram til studiet er fullteikna.
Du kan søke om plass med relevant fagbrev, eller med realkompetanse dersom du er over 23 år og har relevant erfaring.
Oppstart og søknadsfrist
Søknadsfrist: 17. desember 2025
Oppstart: 7. januar 2026
Studiestad: Førde
Sist oppdatert: 17.11.2025
Vidareutdanninga Skreddarsydde KI-system har oppstart janaur 2026, i samarbeid med StudieHub. Lær å bruke og utvikle KI-løysingar som passar din arbeidskvardag – eit fleksibelt og gratis studium over eitt semester.
Les meir
Fordjupingsmodulen i EKOM er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng over fire månadar, med samlingar i Førde og nettundervisning. Studiet gir praksisnær og oppdatert kompetanse i elektronisk kommunikasjon, og kan – for søkjarar med rett bakgrunn – gjere deg kvalifisert til å søkje ekom-autorisasjon.
Les meir
Nettbasert deltidsstudium på 15 studiepoeng som gir ei grunnleggande innføring i leiing, personalarbeid og arbeidslivsmodellen i Noreg. Passar for alle med generell studiekompetanse og kan følgjast via StudieHub – Fjordane Studiesenter. Løpande opptak frå november.
Les meir