Scroll top

Kunstig intelligens og programmering – praktisk kurspakke for industrien

Bachelor-nivå

Nett- og samlingsbasert

Vår 2026

Vil du bruke kunstig intelligens og programmering til å effektivisere arbeidshverdagen? Denne kurspakken frå HVL gir deg praktiske ferdigheiter du kan ta rett i bruk – utan studieavgift, og med samlingar i Førde.

Foto: Photo by Igor Omilaev on Unsplash

Digitalisering, automatisering og grøn omstilling stiller nye krav til kompetanse i industrien. Med kurspakka Kunstig intelligens og programmering kan du styrke eigen kunnskap innan databehandling, programmering og praktisk bruk av kunstig intelligens.

Kurspakka består av tre enkeltkurs på 5 studiepoeng kvar. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller fleire kurs. Undervisninga kombinerer digitale økter, samlingsbasert undervisning og fleksibel asynkron læring.

Kurs våren 2026: Data Engineering – frå teori til praksis

Innhald
Kurset gir ei praktisk innføring i datanalyse, datavisualisering, strukturering og førebuing av datasett for maskinlæring. Du lærer å løyse reelle datadrevne utfordringar innan produksjon, logistikk og energi– og elkraftsektoren.

Studiepoeng: 5

Samlingar 2026

  • Digital oppstart: torsdag 29. januar, kl. 09.15–11.00

  • Fysiske samlingar i Førde (HVL):

    • 19. februar, kl. 09.15–15.00

    • 19. mars, kl. 09.15–15.00

    • 16. april, kl. 09.15–15.00

Asynkron undervisning (videoar) kjem i tillegg.

Opptak og søknad

  • Søknadsfrist: 1. desember 2025

  • Opptakskrav: Generell studiekompetanse eller realkompetanse, og bestått DAT800 Grunnleggjande programmering med Python eller tilsvarande.

  • Studieavgift: Ingen – berre semesteravgift.

  • Studiestad: Førde

  • Format: Deltid, samlingsbasert

  • Undervisningsspråk: Norsk

Slik søker du:
Du søker via SøknadsWeb. Vel "Ingeniør, maritim og klima", deretter "Vidareutdanning vår 2026", og søk opp studiet 6795 DAT803 Data Engineering: Frå teori til praksis. Last opp dokumentasjon og send inn søknad.

Les meir og søk her.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 19.11.2025

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Ny vidareutdanning i kunstig intelligens – oppstart 28. januar 2026

Vidareutdanninga Skreddarsydde KI-system har oppstart janaur 2026, i samarbeid med StudieHub. Lær å bruke og utvikle KI-løysingar som passar din arbeidskvardag – eit fleksibelt og gratis studium over eitt semester. 

Les meir

Fordjupingsmodul i EKOM – praksisnær vidareutdanning i elektronisk kommunikasjon

Fordjupingsmodulen i EKOM er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng over fire månadar, med samlingar i Førde og nettundervisning. Studiet gir praksisnær og oppdatert kompetanse i elektronisk kommunikasjon, og kan – for søkjarar med rett bakgrunn – gjere deg kvalifisert til å søkje ekom-autorisasjon.

Les meir

Grunnleggande innføring i leiing – nettbasert vidareutdanning våren 2026

Nettbasert deltidsstudium på 15 studiepoeng som gir ei grunnleggande innføring i leiing, personalarbeid og arbeidslivsmodellen i Noreg. Passar for alle med generell studiekompetanse og kan følgjast via StudieHub – Fjordane Studiesenter. Løpande opptak frå november.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet