Vil du styrke forståinga di for leiing, personalarbeid og den norske arbeidslivsmodellen? Våren 2026 tilbyr Høgskulen i Volda emnet Grunnleggande innføring i leiing som nettbasert deltidsstudium. Du kan følgje studiet frå StudieHub – Fjordane Studiesenter.
Namn på utdanninga/emnet: Grunnleggande innføring i leiing (IPA171)
Tilbydar: Høgskulen i Volda
Studiepoeng: 15
Nivå: Vidareutdanning (bachelornivå)
Krav til studierett: Ope for alle
Krav til forkunnskap: Generell studiekompetanse
Format: Nettbasert, deltid
Studiestad: Kan følgjast via StudieHub – Fjordane Studiesenter
Undervisningsspråk: Norsk
Varigheit: 1 semester
Søknadsfrist: Løpande opptak frå 01.11.2025
Oppstart: Vår 2026
Grunnleggande innføring i leiing gir deg solid innsikt i korleis leiarar kan arbeide målretta med menneskelege ressursar i ei verksemd. Emnet passar for deg som ønskjer ei praktisk og teoretisk forståing av leiing, personalarbeid og dei viktigaste prosessane knytt til rekruttering, medarbeidarutvikling og avslutting av arbeidsforhold.
I studiet lærer du om den norske arbeidslivsmodellen, grunnleggande HMS-arbeid og sentrale delar av arbeidsretten som er relevante for personalleiing. Du får også øving i å bruke teori i praktiske situasjonar, og du får erfaring med personaladministrative oppgåver.
Våren 2026 blir all undervisning gjennomført nettbasert. Du får tilgang til videoførelesingar omtrent éin gong i veka, som du kan sjå når det passar deg. Det blir også lagt opp til fagleg rettleiing og oppfølging undervegs. Sluttvurderinga er ein digital individuell heimeeksamen.
Emnet inngår i fleire bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda, mellom anna PR, kommunikasjon og media og planlegging, administrasjon og leiing. Det passar òg for deg som vil byggje kompetanse i eigen jobb eller utforske vidare studium innan leiing og organisasjon.
Søk studieplass via Høgskulen i Volda – studiet har løpande opptak frå 1. november 2025.
Sist oppdatert: 02.12.2025
Vidareutdanninga Skreddarsydde KI-system har oppstart janaur 2026, i samarbeid med StudieHub. Lær å bruke og utvikle KI-løysingar som passar din arbeidskvardag – eit fleksibelt og gratis studium over eitt semester.
Les meir
Fordjupingsmodulen i EKOM er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng over fire månadar, med samlingar i Førde og nettundervisning. Studiet gir praksisnær og oppdatert kompetanse i elektronisk kommunikasjon, og kan – for søkjarar med rett bakgrunn – gjere deg kvalifisert til å søkje ekom-autorisasjon.
Les meir
Kurspakka Kunstig intelligens og programmering gir praktisk og relevant kompetanse for deg som vil bruke data, programmering og kunstig intelligens i arbeidshverdagen. Våren 2026 tilbyr HVL kurset Data Engineering: Frå teori til praksis, med samlingar i Førde og fleksibel digital undervisning. Søknadsfrist 1. desember 2025.
Les meir