Scroll top

Kompetansepilot Nordfjord

Kompetansepilotordninga skal identifisere kompetansebehova og legge til rette for at dei små verksemdene i distrikta får tilgang på den kompetansen dei treng. Prosjektet er no avslutta.

Les meir om samarbeidet
Dame som går i ein gang med laptop

Kompetanse – Vegen til utvikling

"For å løyse ut vekstpotensialet i distriktsnæringslivet er det behov for oppdatert kompetanse. Dette må vi finne løysingar på dersom vi skal sikre vekst og busetting i heile landet. Med kompetansepilotene i Nordfjord-regionen ønskjer vi å bidra til at små bedrifter, kommunane og offentlege verksemder i regionen har tilgang på kompetent arbeidskraft, slik at dei er rusta for framtida." Sitat: Linda Hofstad Helleland, tidlegare distrikts- og digitaliseringsminister

Mangel på rett kompetanse

Tilgang på kompetent arbeidskraft er ei forutsetning for vekst og verdiskaping i heile landet. I distrikta, der arbeidsmarknaden er liten og avstanden til utdanningstilboda ofte er lang, kan det vere vanskeleg for både folk og næringsliv å få tilgang til relevant etter- og vidareutdanning. Samstundes har arbeidstakarar/leiarar i små verksemder i distrikta i mindre grad enn større verksemder tid og ressursar til å finne relevante opplæringstilbod.

Målsettinga til kompetansepilot Nordfjord var:

«Å identifisere og mobilisere verksemders behov for kompetansehevende tiltak, samt koble og tilretteleggje for et tilpasset etter- og videreutdanningstilbud i Distrikts- Norge.
Prosjektet skal bidra til å utvikle og prøve ut nye måtar og modaller for å nå dette målet, samt støtte fylkeskommuna sin strategiske rolle og ansvar for regional kompetansepolitikk»

StudieHub + Kompetansepilot Nordfjord

Kompetansepilot Nordfjord og StudieHub har hatt eit sterkt og godt samarbeid som har styrkja kvarandre sitt arbeid. Kompetansepilot har vore aktøren som har identifisert og mobilisert verksemder sitt behov for kompetansehevande tiltak, medan StudieHub fortsatt skal vere aktøren som legg til rette for tilpassa tilbod knytt til etter- og vidareutdanning i regionen. Dette vil samla gi private og offentlege verksemder i regionen insentiv til å gjennomføre strategiske val i verksemdene for å få oversikt over kompetansebehova, medan StudieHub er tilretteleggjaren og tilbydaren.

For meir informasjon om Kompetansepilot Nordfjord, sjå deira nettstad.

Her er sluttrapport frå prosjktet Kompetansepilot.

Kompetansepilot Nordfjord

Satsningsprosjekt i Nordfjord

StudieHub Nordfjord har som målsetting å vere fasilitatoren som legg til rette, organisere og administrere den desentraliserte utdanningsstrukturen i Nordfjord- og Sunnfjordregionen.

Erasmusprosjekt

Nordisk samarbeidsprosjekt

Les meir

Samlingsbasert og nettbaserte modular på 7,5 studiepoeng

Oppstart haust 2024: Helseleiarutdanning i samarbeid med HINN, Ambia og Stryn, Sunnfjord, Bremanger og Gloppen kommune.

Les meir

Årsenhet

Oppstart vår 2025: Tverrfaglig utdanningsprogram knyttet til psykoterapi og psykososial rehabilitering (SEPREP TU).

Les meir

Desentralisert bachelor

Oppstart haust 2024: Desentralisert bachelor i vernepleie

Les meir
Sjå alle prosjekta